In sha Allah – ‘Viss Gud vil’ eller ‘Kven veit’

Moske i solnedgang (Foto: Pixabay)

Omsetjing av arabiske religiøse frasar kan vere vanskeleg

“If you have a shower or a haircut, if someone gives you something, if you're sick, if you say something stupid, if you're going to get married, if you've just had a baby, if you're mean to someone, if you get new shoes, if you get jealous of my amazing new shoes, if you want to swear that really, no, my new shoes are not so amazing.... – in almost every single daily life situation, there is a specific expression and a corresponding answer, which would refer to God in some way” (Dumières, 2010).

I arabisk språk nyttar ein mange religiøse frasar, både for å uttrykke religiøse betydingar, men dei har også vorte ein del av kvardagsspråket. I desse kontekstane har dei mista ein del av si religiøse meining, og det er ikkje alltid enkelt å forstå korleis ein skal omsetje, eller tyde desse uttrykka. Gud-fraser er ofte brukt i helsingar, og det kan vere vanskeleg å skilje mellom dei som brukar frasane med ideologisk/religiøs betyding, og dei som ikkje gjer det (Welji, 2012). Ord vert overført frå person til person, men betydinga av desse orda vert ikkje overført. Når ein skal tyde desse orda eller setningane må ein blant anna sjå på orda i seg sjølv, korleis det var sagt, kven som sa det og situasjonen det var sagt i (Gudykunst og Kim, 2003).

I omsetjing av arabiske religiøse frasar er det viktig å forstå både kontekst og kultur. Til og med då kan det vere vanskeleg å omsetje utan å tillegga talaren enten for mykje, eller for lite religiøs betyding. Det finst ikkje nokon mal for omsetjing av desse uttrykka, og det er ein vanskeleg balansegang for å unngå misforståingar, som er utruleg viktig å meistre for alle omsetjarar, eller for alle som på ein eller anna måte arbeider med arabarar eller arabiske kulturar. Til dømes er uttrykket ‘in sha Allah’ eit uttrykk som kan verte nytta med sekulær betyding i tillegg til den religiøse og direkte omsetjinga ‘viss Gud vil’. Dersom kultur og kontekst blir haldt utanfor eller misforstått, står ein i fare for å framandgjere både arabarar og muslimar.

Gud-frasar og forståinga av dei

Ei av utfordringane med arabiske Gud-frasar, er gapet som eksisterer mellom den bokstavelege omsetjinga av frasen og betydinga som den har i ein spesifikk kontekst der den er brukt. (Welji, 2012). Gud-frasar manglar ei andre, konvensjonell betyding. I staden må ein ta kontekst i betraktning for å finne betydinga (Ibid., 2012). Denne bruken vert automatisert som ein del av daglegtalen for dei som har arabisk som morsmål. Dette kan høyres merkeleg ut for eit utanlandsk øyre, og det framstår som meir religiøst enn det eigentleg er når desse frasane vert oversett i si bokstavelege, eller opprinnelege, form. Desse frasane betyr ikkje alltid noko religiøst, sjølv om dei eksplisitt har ordet ‘Allah’ i seg. Dersom ein høyrer Gud-fraser utan å vite kontekst, kan ein berre gå ut frå at dei står i si opprinnelege, religiøse betyding (Welji, 2012).

Ta til dømes uttrykket ‘in sha Allah’. Dette uttrykket betyr opprinneleg ‘viss Gud vil’ og kjem frå tanken om at ein aldri veit kva som er Guds plan (Welji, 2012). Dersom ein nyttar dette uttrykket utan å ha kjennskap til kontekst, vil ein gå ut ifrå at det er den religiøse betydinga som er gjeldande. Derimot er det i realiteten ikkje slik at dette uttrykket alltid innehar si opphavelege, bokstavlege meining. ‘In sha Allah’ kan nyttast så mykje ein sjølv ønskjer, sjølv om du ikkje tenkjer på Guds plan der og då (Dhumières, 2010). Det kan blant anna nyttast som ‘kven veit’, ‘håpar eg’ eller det kan vere ein måte å avslutte ein samtale på («Då møtes me på kafeen klokka 12 i morgon?» «In sha Allah»). I mange samanhengar kan det verte nytta på same måte som ‘eg lovar’ (Welji, 2012). Det vert ofte nytta i samtalar om framtidige handlingar, og har ideologiske røter i tanken om at menneskjer ikkje kan forutsjå framtida, men innser at berre Gud kan vite dette.

“‘In sha Allah’... kan blant anna nyttast som ‘kven veit’, ‘håpar eg’ eller det kan vere ein måte å avslutte ein samtale på”

Ein kan også nytte Gud-frasen ‘ma sha Allah’. Dette uttrykket betyr opprinneleg ‘det er Guds vilje’ og kan ofte nyttast som svar til noko positivt (Welji, 2012). Til dømes kan ein svare ‘ma sha Allah’ dersom nokon har fått A på eksamen, eller nokon har vorte gravide eller født born. Med andre ord, kan det ofte nyttast på same måte som ‘fantastisk!’. Det vert sett på som sjalusi å ikkje svare ‘ma sha Allah’ dersom ein får høyre noko positivt (Ibid., 2012). Dette tyder på at det er meir som ligg bak nytting av uttrykka, enn berre takknemlegheit til Gud. Sosiale normer og kontekstuell forståing er også viktig for å finne betydinga av arabiske religiøse frasar.

Bedekrans på Koran (Foto: Pixabay)

Bedekrans på Koran (Foto: Pixabay)

Gud i språk og lingvistikk

Desse døma syner at det ikkje nødvendigvis er Gud som er i tankane, men at det like gjerne kan vere sosiale normer som dikterer bruken av desse Gud-frasane. «But that’s just the way Arabic people speak. Fundamentalist Muslims, devout Muslims, moderate Muslims, part-time Muslims, Christians, Atheists – no one has an entire conversation without saying the very least ‘in sha allah’” (Dhumières, 2010).

Når ein lærer eit nytt språk, må ein lære seg situasjonar der fraser vert sagt, altså når og kor ein kan nytte ulike fraser (Welji, 2012). Dette er ikkje noko ein kan omsetje frå eit språk til eit anna, men det må heller opplevast og prøvast ut. Det kulturelle paradokset er at språk, systemet som oftast forklarar kultur, ikkje er tilpassa denne oppgåva. Språket er for lineært, ikkje omfattande nok, for sakte, for avgrensa, for unaturleg, og for kunstig. Dette betyr at ein må til einkvar tid vere klar over avgrensingane som språket har (Hall, 1977). Når ein skal gjere meining ut av ord må ein vere klar over at språket er lineært og dei innebygde partiskheitane som einkvar kultur innehar (Ibid., 1977). For å unngå misforståingar er det ikkje nok å kunne språket, ein må også ha ei kulturell forståing. I tillegg må ein vere klar over korleis misforståingar skjer, og at me kan aldri, med hundre prosent sikkerheit, vere sikre på tankane og kjenslene til andre; me nyttar vårt eige koding-system, som kan vere defekt; eller me kan vere kjenslemessig partisk (Gudykunst og Kim, 2003). Likevel vil ein aldri vere heilt sikker på om omsetjinga er riktig ettersom det er vanskeleg å vite talarens eksakte intensjon.

Orientalisme og omsetjing

“For å unngå misforståingar er det ikkje nok å kunne språket, ein må også ha ei kulturell forståing”

Orientalisme er eit omgrep som har vorte mykje nytta for å beskrive eit geografisk, moralsk og kulturelt Asia og Midtausten. Edward Said (2004) har argumentert for at orientalismen er eit system for eit undertrykkande og manipulerande perspektiv, eit perspektiv der Vesten ser mot Aust med eit nedlatande og generaliserande blikk. Det er ein struktur av vestleg kulturell dominans, og ein nesten openlys rasisme. Orientalismen har skapa eit oss/dei perspektiv, der arabarane er dei vondsinna, totalitære og terroristiske (Said, 2004). Her ser ein at ein set arabarane opp mot Vesten, der Vesten er det ‘gode’ og arabarane det ‘vonde’.

Altfor ofte vert det anteke at litteratur og kultur er politisk og historisk uskuldige, men samfunnet og litterær kultur kan berre forståast og studerast samstundes (Ibid., 2004). Me er nøydd til å ha nok innsikt, metodar og idear som kan fjerne rasemessige, ideologiske og imperialistiske stereotypar av det slag orientalismen gjennom historia har tilført (Said, 2004). Med andre ord er det viktig at ein er klar over kva stereotypiar ein vidareformidlar. Dersom ein omset arabiske religiøse frasar direkte, eller ved si opprinnelege betyding, står ein i fare for å skape eit religiøst eller fundamentalistisk syn på arabarar blant islamofobar (Dhumiéres, 2010). Her kan ein sjå at det er viktig å vere bevisst si rolle når ein omset. Skal ein omsetje religiøse frasar og uttrykk direkte, må ein vere sikker på at dei er sagt i religiøs kontekst. Som Cortés (1995) påpeikar har vala ein tek som omsetjar implikasjonar for korleis lesarar/lyttarar oppfattar situasjonen.

Påverknad av omsetjinga

Omsetjingane kan slå ut på to måtar, enten for mykje fokus på religiøs identitet, eller for lite fokus. Dersom ein tillegg talaren for mykje fokus på religiøs identitet, kan ein stå i fare for å undergrave den kulturelle konteksten eller sosiale normer i Midtausten. Dette kan føre til at mottakarane av omsetjinga ender opp med ei forståing av arabisk som religiøst språk, fylt med religiøse fanatikarar. Noko som igjen kan føre til eit negativt syn på Midtausten, slik Edward Said (2004) forklarer det. Derimot, legg ein for lite vekt på den religiøse betydinga, står ein i fare for å undergrave ein religion som kan vere viktig for om lag 1.6 milliardar menneskjer (Eide, 2009).


Sjølv om det kan verke unaturleg for oss nordmenn å nytte religiøse uttrykk i dagleglivet, så er det mange som gjer det. Blant anna uttrykket ‘herregud’ vert ofte nytta, utan nødvendigvis å ta i betraktning den religiøse sida av uttrykket. Kanskje er det ikkje så langt frå vår kultur å nytte religiøse frasar med sekulær betyding likevel?


Mari Bondevik - Amnesty activist with a bachelor degree in development studies from the Universitetet of Bergen. She currently studies arabic and is on student exchange in Jordan.